torsdag 5. november 2009


KUNSTEN Å SAMTALE – MICHEL DE MONTAIGNE
Montaigne var født i Pèrigord i 1533, i nærheita av Bordeaux. For å få kunnskap meinte far hans at ein måtte kunne latin, og han meinte at den beste måten å lære på var ikkje å pugge og lese, men samtalar med privatlærare. Montaigne var blant dei fyrste i litteraturhistoria som skreiv i eg-form med eit moderne og friskt språk. Montaigne var ikkje særleg opptatt av retorikk og logikk, men kort og konsis daglegtale.

Teksten er eit essay, og essayet var oppfunnet i renessansen, og forfattaren Michel de Montaigne blei rekna som oppfinnar av denne sjangeren. Teksten har ikkje religiøst innhald, teksten handlar om mennesket, den er skreve i eg-person og han skriv om eigne tankar og meiningar. I renessansen var fornufta og vitskapen det viktige, og Montaigne legg vekt på at samtale er viktig, og han meinte også at ein lærer best gjennom å samtale med andre. Døme: ”Studie av bøker er et langsommelig og passivt arbeid, som ikkje gjør oss varme, men samtalen er både lærerik og gir øvelse.” (Grip teksten, lærebok s. 295)

Til å vere ein så gammal tekst, synast eg den var skreve på ein fengjande måte, og den var interessant å lese. Eg meinar og at en lærar best ved å samtale, for er det noko vi er flinke til den dag i dag, er det å skravle. Det er ein god måte å både formidle, dele og plukke opp nyttig informasjon. Eg trur og at en blir klokare av å samtale enn å pugge, fordi en kan dele erfaringar, og kan lettare forstå, og det set tankane i sving.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar